Utforsk Sunnmøre frå Steinsvika

Enten du likar fossar, fotturar, vakker utsikt, vikingskip, historie, shopping eller strender – er Steinsvik eit ideelt utgangspunkt for å utforske dei mange attraksjonene på Sunnmøre.

Steinsvik byr på ro og avslapping, korte fotturar og fiskemulegheiter i fjorden. I nærleiken er det fleire fjell som høver til turar av varierande vanskegrad.

På denne nettsida har vi sett saman ei liste over utfluktsmål og aktivitetar, slik at ferien din hos Steinsvik Fjordhytter vert eit spanande eventyr!

Dei fleste utfluktene varer ein hel dag og inkluderer mange interessante stopp undervegs.

Bild

Vi kan starte inst i Dalsfjorden:

Steinsvik har få innbyggjarar, men kan skilte med ei lang busetnadshistorie. Ta deg gjerne ein tur rundt i området på dei lokale vegane og sjå kva som er i bygda.

Kloppa, Nobba og Vassbakkane

Det finst fleire lett tilgjengelege stiar for korte turar i nærområdet, som «Kloppa» (delvis veg, delvis skogssti), «Nobba» (skogssti) og rundt Vassbakkane (grusveg).

Gå opp Steinsvikvegen til du kjem til enden av vegen ved Steinsvik Kraftverk. Følg den smale vegen som går vidare framover langs ein steingard. Hald fram til grusvegen vert brattare. På høgre side ser du eit skilt med «Kloppa» som peikar inn i skogen.

Stien er lett å finne og er merka med raude plastrøyr som gjer det lett å orientere seg. Etter at du har kryssa ei trebru over elva, kan du enten svinge til høgre og gå ned att til Steinsvik, eller halde fram oppover til venstre mot Nobba. Denne vegen tek deg til ein liten knaus ved enden av en skogsveg. Der er det bord og benkar som du kan ta ein en pause ved før det går nedover att.

Du kan enten gå ned ein bratt sti gjennom skogen på nordsida av Nobba, eller gå tilbake samme veg som du kom.

Frå Nobba kan du også gå rundt Vassbakkane, som ligg på vestsida av elva. Då kjem du ned att til hovudvegen ved oppdrettsanlegget. Alle dei tre stiane (Klobba, Nobba og Vassbakkane) kan du gå som einskilde turar, eller du kan kombinere dei til ein samanhengande tur.

Rutene ser du på kartet nedanfor:

Nausane

Har du bil, kan du køyre heilt opp på fjella på vestsida av Indre Dalsfjord. Her kjem du til rundt 700 meters høgde, ein plass der mange av lokalbefolkninga har små hytter. Den svingete fjellvegen vart bygd på 1970-tallet i samband med utbygginga av Åmela kraftverk.

Frå toppen av fjellet kan du ta fleire turar i området. Utsikta fra Nausane er spesielt fin, med utsikt over heile Dalsfjorden, inkludert Steinsvik Fjordhytter!

For å kome til Nausane køyrer du heilt fram til parkeringsplassen som er markert på kartet nedanfor (klikk på knappen for å åpne). Der ifrå kan du gå videre mot hyttene som ligg noen hundre meter lenger framme. Følg deretter stien til du når kanten av fjellet og får ei flott utsikt over fjorden nedenfor. Det er ein lett tur med små høgdeforskjellar.

Galten

I andre enden av fjorden, nær Folkestad, kan du gå ut på fjellformasjonen Galten. Dette er ei klippe som stikk rett ut i lufta og byr på ei fantastisk utsikt over hele Dalsfjorden og fjella rundt.

Du kan køyre halvvegs opp på en grusveg, deretter parkere bilen og gå resten til fots. Stien er ikkje altfor krevjande, men du bør ha på deg gode sko, då delar av stien kan vere våt eller gjørmete.

Når du kjem til toppen, kan du gå ut på klippa og be ein ven om å ta eit bilde av deg med heile Dalsfjorden i bakgrunnen!

Galten

VESTOVER

➤​ Sjå Norskehavet!

På Stadlandet møter det mektige Norskehavet land. Her kan du oppleve kvite sandstrender, fyrtårn, interessante fjellformasjonar, små bygder og Noregs vestlegaste fjellplatå.

Stadlandet stikk ut i havet som ein knyttneve og delar Vestlandskysten i to. I tusenvis av år har denne delen av havet vore berykta for ekstremt vêr og risikabele skipsruter utan skjerming frå land. Nokre gongar var det tryggare og enklare å drage båtane over land enn å krysse Stadhavet i dårlig vêr.

I dag er verdas første skipstunnel under planlegging, med anslåtte kostnader på rundt 8,6 milliardar kroner. Dette vil gjøre det mogeleg for mindre skip å passere uansett vind og vêr.

Du kan ta ein dagstur med bil rundt Stadlandet. Vår ruteanbefaling er å køyre mot Folkestad og deretter sørover til Nordfjordeid. Der kan du besøke vikingmuseet Sagastad med en fullskala-kopi av Myklebustskipet.

Fra Nordfjordeid køyrer du vidare til Måløy, ein fiskerlandsby på ei øy.

Ikkje langt frå Måløy ligg Kannesteinen, som er ein helt spesiell steinformasjon. Gjennom tusenvis av år har bølgjene frå havet slipt på steinen frå begge sider og forma han til et timeglas.

Når det er fjøre og rolig sjø, kan du gå heilt ut til steinen.

Ver merksam på at vegen fra Måløy til Kannesteinen er veldig smal. Du må truleg vike for møtande bilar mange gonger. Køyr varsamt!

Vidare kan du kjøre til Selje – ei roleg lita bygd ved sjøen. Her finn du ei fin lita strand som er populær på solrike dagar.

Det finst også nokre restaurantar der. Vi anbefalar å stoppe for lunsj på Frimannsbuda, der du kan slappe av med ein pizza på altanen ved sjøen før du reiser vidare.

Hald fram bilturen og sett kursen mot Hoddevik. Denne bygda er verdskjent for sine gode forhold for surfing! Når det bles nordvestleg vind, bryt bølgjene på stranda og trekk til seg seg mange surfarar.

Ver merksam på at tilkomsten er svært smal og svingete, så ver budd på å vike for møtande trafikk.

Etterpå kan du plotte inn Vestkapp i GPS-en din. Frå denne fjelltoppen har du ei spektakulær utsikt over Stadhavet og området rundt. Her ligg også ein av Noregs største vêrradarar, som gir viktig informasjon om vêret langs kysten.

Vestkapp er Noregs vestlegaste fjellplatå, men det er ikkje det vestlegste punktet på fastlandet. Det ligge på Vardetangen i Austrheim, mykje lenger sør.

Har du tid til overs, kan du besøke Eltevik-batteriet, som er restane av ei nazi-festning frå andre verdskrig. Dette var ei av mange kystfestningar som vart bygd for å hindre allierte skip i å passere dei nærliggande fjordane.

Til slutt går turen tilbake til Steinsvik. Du kan køyre mot Åheim og deretter vidare til Lauvstad. Då kjem du tilbake til Dalsfjorden og har fullført ein rundtur utan ferger.

AUSTOVER

➤​ Ei kjempepadde og spektakulære fjell!

Når du køyrer austover fra Dalsfjorden, får du sjå noko av det vakraste fjordlandskapet i heile Noreg. Dette er indrefiléten av Vestlandet!

Vår anbefalte rute: Køyr mot Folkestad og sving til høgre ved ferga. Så: Still inn GPS-en på Paddeland, så kjører du gjennom Austefjorden, som er nabofjorden til Dalsfjorden i Volda.

Eitt av dei første stoppa på denne rundreisa er ei gigantisk betongpadde – ein skulptur som vart reist som ei hylling til Nord-Europa sine største paddekoloniar!

Kvar vår kryssar tusenvis av padder vegen for å formeire seg. Da det vart bygd ny veg gjennom området, måtte det byggjast mange små tunnelar så paddene kunne komme seg trygt under den trafikkerte vegen. Det vart så laga ei gigantisk padde som ei hylling til paddekolonien.

Når du er ferdig å kysse padda, kan du halde fram på E39.

Har du god tid, kan du ta ein avstikkar til Bjørke, ei lita, men interessant bygd. Her kan du mellom anna besøke Bakketunet, som er ope kvar søndag om sommaren. Det er ein godt bevart og restaurert gard frå 1500-talet. Av og til vert det arrangert kunstutstillingar der.

Køyr deretter mot Grodås i Hornindal. Du køyrer gjennom Kvivstunnelen, men sving til venstre på Fv60 rett før du kjem inn til Grodås.

Still inn GPS-en mot Lygnstøylvatnet.

På vegen dit passerer du Norangsdalen, ein fin dal med bratte fjell på begge sider av vegen.

Ved sida av Lygnstøylvatnet låg det fram til 1908 flere seterhus, fram til eit steinras frå det nærliggende fjellet Keipen demma opp utløpet av vatnet, noko som førte til at vatnet steig og overfløymde vegar og hus. På vindstille dagar kan ein sjå steingardar og grunnmurane til seterhusa under vassoverflata.

Berre nokre få minutt lenger nede i vegen ligg Hotel Union Øye. Dette hotellet, som vart bygd på slutten av 1800-tallet, har i generasjonar vore eit populært reisemål for europeiske aristokratar og oppdagelsesreisande.

Det er no restaurert og strålar i ny glans – og er eitt av Noregs vakraste historiske hotell. Alle romma er innreia med ulike tema, og du kan sjå inn i romma som ikkje er opptekne.

Hotellet har ei rik historie og til og med eit spøkelse! I restauranten kan du nyte lokal snacks eller ein kopp te i hagen.

Køyrer du videre, kjem du til bygda Urke. Der finst det ein liten landhandel, ein campingplass, eit gartneri, ei småbåthamn og ein pub/kafé (Urke Kaihus) i det gamle rutebåthuset nede ved sjøen.

Det er verdt å stoppe for ei øl eller ei forfrisking og nyte den spektakulære utsikta mot Stålberghornet (1285 meter) på den andre sida av fjorden.

Deretter kan du ta ferga frå Leknes til Sæbø. Er det fint vêr, kan du halde fram med ferga frå Sæbø til Trandal, der ein av Vest-Noregs mest unike pubar/restaurantar (Christian Gaard) ligg.

Ein skulle tru det var ein dårleg idé å byggje pub i ei veglaus bygd med berre ein handfull innbyggjarar, men puben har overlevd og er i dag ein suksess som dreg tusenvis av besøkande kvart år.

Her vert det arrangert fleire musikkfestivalar, som Trandal Blues, Trandal Rock og Trandal Country! Å reise til og frå med ferga er litt tungvint, men det går også an å ta ein privat charterbåt over fjorden.

Sæbø er ei bygd som har vorte svært populær både vintertid og om sommartid. Sæbø er eit populært utgangspunkt for fjellturar og skiturar. Her er det fleire små butikkar, ei lita strand, hotell og flytande badstove.

Etter besøket på Sæbø er det tid for å køyre heim. Undervegs passerer du Ørsta og deretter Volda, der du kan ta ferja til Folkestad og Dalsfjord.

NORDOVER

➤​ Byliv, shopping og eit gigantisk akvarium!

Litt lenger nord kan du besøke "hovudstaden" på Sunnmøre: Ålesund. Med rundt 59 000 innbyggjarar, byr byen på ei rekkje aktivitetar og tilbod.

Tvers gjennom sentrum går Brosundet, ein smal fjordarm som deler byen i to. Byen brann ned til grunnen i 1904, og etterpå vart husa bygd opp att i såkalla jugendstil.

For å få god oversikt og utsikt over sentrum, kan du køyre (eller gå) opp til Fjellstua på toppen av fjellet Aksla. Der ifrå har du panoramautsikt over byen og dei kringliggande øyane.

På vestsida av Ålesund ligg eitt av Europas største og flottaste saltvassakvarie og dyrepark: Atlanterhavsparken.

Det enorme Atlanterhavsakvariet rommar 4 millioner liter sjøvatn og husar eit mangfald av fiskar og sjødyr. Når det er fôringstid, kan besøkande gjennom det store glaset sjå korleis ein dykkar fôrar torsk og andre fiskeartar.

Ei anna flott oppleving denne dagen er ein tur til ei av øyane rundt Ålesund. Alnes fyr er ein spektakulær plass. Der kan du klatre opp i fyret og få utsikt over stranda og dei kringliggande øyane.

På tilbakevegen kan du stoppe på Moa og handle i Noregs tredje største kjøpesenter. Her finn du kring 200 butikker som sel alt frå lokale produkt til McDonald's-burgarar.

SYD-AUST

➤​ Isbrear, fossar og ein lett tur til toppen av fjellet!

Sydvest for Dalsfjorden finn du nokre imponerende plassar. Køyr først mot Nordfjordeid. Det er to vegar du kan køyre austover på denne ruta. Vi anbefalar at du tek heile rundreisa for å oppleve begge vegane.

Nokre minutt før du kjem inn til Nordfjordeid svingar du til venstre mot Stryn. På vegen dit kjører du langs Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø (514 meter djup).

Stryn er ei mellomstor bygd, nokså lik Volda og Ørsta. Her er det verdt å ta ein kort pause for å ete middag eller handle, før du køyrer videre mot Loen.

Noko av det første du ser når du kjem til Loen, er Skyliften – ei av verdas brattaste gondolbaner. Den tek deg frå havnivå til toppen av fjellet Hoven (1011 m.o.h.) på nokre få minutt.

Der ifrå kan du nyte ei spektakulær utsikt over omgjevnadane og Lovatnet. På toppen er det også ein restaurant som serverer mat og drikke.

Nede att i dalen, kan du køyre vidare langs det turkisfarga Lovatnet mot Kjenndalsbreen, ein sidearm av Jostedalsbreen, som er den største isbreen på det europeiske fastlandet.

Ein god plass for pause og piknik undervegs er ved Sagedammen – eit gamalt sagbruk som er verna og restaurert. Like ved er det ein liten dam og flere turstiar.

På veg tilbake bør du absolutt stoppe ved Tvinnefossen – ein foss du kan gå bak!

Frå parkeringsplassen må du gå 1,5 km inn gjennom skogen for å kome til fossen. Den er på sitt største om våren, når snøen i fjellet smeltar eller det har regna mykje. Merk at det ikkje er så mange parkeringsplassar ved startpunktet, så det er lurt å vere der seint på ettermiddagen, når skulen som ligg der har stengt. Då er det fleire ledige plassar.

På veg tilbake kan du stoppe i Nordfjordeid for å handle og sjå kva som er der. Hvis du ikkje har vort der før, kan du besøke vikingbåtmuseet Sagastad før du køyrer videre nordover mot Dalsfjorden og Steinsvik.