Praktisk informasjon
Reservering av hytte Det lettaste er å reservere datoane du ønskjer direkte i vårt online booking-system. Du finn eit skjema nederst på sidene til kvar hytte. Eventuelt kan du nå oss via kontaktskjemaet, ringe oss på telefon 90074785 eller sende ein epost til booking@steinsvik.com Ankomst Det enklaste er å køyre hit i eigen bil. Vi har godt med parkeringsplassar utanfor begge hyttene. Dessverre er det ingen kollektivtransport til Steinsvika. Om sommaren kan vi hente deg med bil om du kjem deg til Folkestad (ein ferjetur frå Volda). Det går buss til Volda frå både Oslo og Bergen. Ein kan også ta Widerøe-fly til Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden frå Oslo, Bergen og Sogndal. Daglegvarer Det er ingen butikkar inne i Dalsfjorden, men det er Coop Marked-butikkar på Lauvstad og på Folkestad, i kvar ende av Dalsfjorden. Treng du større utval og fleire butikkar, kan du køyre til Folkestad og ta ferja over til Volda (totalt 40 minutt), eller køyre ferjefritt til Nordfjordeid (50 minutt). Det er lurt å kjøpe alt du treng før du kjem. Bensin til båtane Det er bensinpumper ved Coop Marked Folkestad, 22 km frå Steinsvika. Men du treng ikkje køyre heilt dit. Vi har bensin på tjueliterskanner som du kan kjøpe til pumpepris. Ring oss, så kjem vi med bensin til deg. Underhaldning og TV Vi har ein grunnpakke med norske kanalar og Netflix på begge hyttene. I tillegg har vi Chromecast på TV-ane, så du kan sjå på strøymetenester du sjølv abonnerer på. Vi har også Super Nintendo og eit utval brettspel. Det er sjølvsagt Wifi-nett på begge hyttene. Korleis fyrer eg i badestampen på Neset? Først må ein fylle stampen med vatn ved hjelp av hageslangen. Det tek ca 3,5 timar å fylle stampen heilt opp. Så treng du 5-7 sekkar med ved, avhengig av årstid og temperatur i vatnet. Det tek 6-8 timar å nå badetemperatur, så det er best å starte planlegginga dagen før. Sei ifrå om du skal fyre i stampen, så kjem vi og viser korleis det gjerast på beste måte. |
Innsjekk og utsjekk For at vi skal rekke å vaske hyttene mellom kvart opphald, er utsjekk klokka 11 og innsjekk klokka 15. Om du avtalar med oss på førehand, kan vi vere fleksible på desse tidene. Når du kjem, står nøkkelen i døra. Du kan låse deg inn og føle deg som heime. Når du reiser, kan du la nøkkelen stå i døra eller legge han på kjøkenbordet. Kva må eg ta med? Begge hyttene er fullt utstyrt med kjøkenreiskap, men forbruksvarerer er ikkje inkludert. Det er nokre dorullar, handsåpe, oppvaskmaskintablettar og eit utval kaffekapslar i hyttene, men skal du vere ei veke eller lenger bør du ta med meir av det du treng. Dyner og puter til alle sengene er inkludert, men ikkje sengetøy. Dei fleste gjestane tek med eigne sengetøy og handkle, men du kan leige dette av oss for eit tillegg i prisen. Du kan også kjøpe sekkar med ved om du vil bruke vedovnen i hytta. Kjæledyr Generelt er det ikkje lov å ta med hund eller katt i hyttene. Dette fordi det kan kome gjestar etterpå som er allergiske mot dyrepels. Kva uteområde disponerer vi? Steinsvik Fjordhytter eig marinaen, moloen og området rundt hyttene. Marinaen, moloen og fiskehuset er til felles bruk for gjestane i dei to hyttene våre. Kvar kan eg fiske? Du kan fiske i sjøen heile Dalsfjorden, men det er forbode å fiske nærare enn 100 meter frå elvemunningane og oppdrettsmerdane. Det er heller ikkje lov å dorge i inste del av Dalsfjorden. Venlegst respekter dette forbodet. Frå 15. juni til 15. juli er det mogleg å fiske i nokre elvar og ferskvatn mot løysing av fiskekort. Attraksjonar og turtilbod Dette kan du lese litt om på sida «Området», men vi kan gi deg fleire gode råd om nære og fjerne reisemål på Sunnmøre. Vil du går på korte fotturar i nærleiken, kan du gå rundt Vassbakkane (grusveg) eller opp på Nobba (sti og skogsveg). Frå Steinsvika/Åmelfoten kan du også køyre bil heilt opp på fjellet. I sommarhalvåret gir Galten og Kornbergveten ved Folkestad flott utsikt i alle retningar. Spør oss, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan! |