Steinsvik Fjordhytter er ei lita familiebedrift som har drive med hytteutleige sidan Knut Steinsvik bygde den første turisthytta i 1993. Frå 2022 er det Kjell Arne Steinsvik (sonen til Knut) og Kristine Nygård som driv bedrifta vidare. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om hyttene. Vi kan gje spesialavtalar for bedrifter og langtidsleige. Om vi ikkje sjølv har ledig kapasitet, kan vi hjelpe deg med å finne alternativ overnatting i Indre Dalsfjord. Det finst ikkje hotell i fjorden, men det er fleire som leiger ut hytter. Telefonnummeret vårt er 900 74 785. Du kan også sende ein e-post til post@steinsvik.com ... Eller du kan bruke kontaktskjemaet under: |
Org.nr. 917 871 388 MVA
Kto.nr. 3991.08.10751