Steinsvik Fjordhytter har fem båtar til leige for korte eller lange periodar.
Gjestane på våre hytter leiger vanlegvis båtar på vekesbasis. Desse vert reservert fleire år i forvegen, men vi har av og til ledige båtar til drop-in-gjestar. Ta kontakt med oss dersom du vil leige ein båt når du er i Steinsvika.
Fire av båtane våre er av typen Øien 530F. Dette er solide og stabile båtar som er svært populære til fisking i norske fjordar. I tillegg har vi ein litt mindre Sandström 510 Classic.
Alle båtane har 40 hk påhengsmotorar og ekkolodd.
Prisen for å leige ein båt er kr 1000,- per døgn for leige i 1-3 dagar, eller kr 3000,- for ei heil veke (3500,- frå 2026). I tillegg kjem bensin. Båtane vert levert med full tank, så betalar du for det du har brukt når du er ferdig. Vi kan også selge ekstra bensin i 20-liters kanner til marknadspris.
Steinsvik Fjordhytter har ein privat marina med eit lite fiskehus for sløying av dagens fangst. Der finst også vatn og straum.
Krav for å leige båt er at skipperen minimum har båtførarprøve eller er fødd før 1980. Ein må også bruke flyte-/redningsvest når ein er ute på fjorden. Dette har vi tilgjengeleg i fiskehuset om ein ikkje har med eige utstyr.
På grunn av fare for is på fjorden, er alle båtane i opplag på land frå november til april.
Vil du leige båt, ta kontakt! Du kan også legge til båtar i booking-skjemaet når du bestiller hytte frå nettsida.