Den 17 kilometer lange Dalsfjorden er omkrinsa av bratte fjell på tre av sidene. Fjorden er rik på fisk av alle slag, og er om lag 200 meter på det djupaste.
Heilt inst i fjorden ligg Steinsvika og Steinsvik Fjordhytter. Tilkomst hit skjer enten via bilveg frå Nordfjordeid, eller ferje frå Volda til Folkestad.
Like ved Steinsvika ligg nabogrendene Åmelfot og Vassbakkane. Langs begge sider av fjorden ligg små bygder som perler på ei snor, heilt til ein kjem til ferjekaiene i kvar sin ende. Der finn ein også daglegvarebutikkar og drivstoff: Lauvstad på vestsida (20 km), og på Folkestad på austsida (22 km).
Næraste handelssentrum med restaurantar, butikkar og offentlege tenester ligg i Volda, eit kvarters ferjetur frå Folkestad. Ein kan også køyre ferjefritt frå Steinsvik til Nordfjordeid (ca 50 minutt).
Indre Dalsfjord er ein roleg plass der nokre titals fastbuande bur året rundt. Om sommaren kjem mange på besøk som turistar eller for å besøke barndomsheimane sine.
Gardene i Steinsvika har røter tilbake til 1596. Framleis vert markane slått og dei fleste husa har lys i vindauga. Ta deg gjerne ein spasertur gjennom bygda!
Steinsvik
Utsikt ut fjorden ein stille sommarkveld.
Utforsk Sunnmøre Steinsvika kan brukast som base for videre utforsking av Sunnmøre. Likar du fotturar, er vegen kort til fjellformasjonen Galten på Folkestad. Det er eit «mini-Trolltunga» med fantastisk utsikt inn heile Dalsfjorden. Ein kan køyre bil eit godt stykke opp på fjellet og gå den siste biten.
Ein flott dagstur blant mektige fjell får ein ved å ta bilen med ferja over frå Folkestad til Volda og så køyre til Hjørundfjorden i Ørsta, også kalla hjartet av Sunnmørsalpane. Bygda Sæbø yrar av liv om sommaren. Der ifrå kan ein ta ferje eller skyssbåt over til Trandal med sin berømte pub Christian Gaard, eller ein kan ta ferja til Leknes og besøke historiske Hotel Union Øye i Norangsfjorden.
I vest ligg Kråkenes fyr med utsikt over havet, eller ein kan besøke den uvanlege steinformasjonen Kannesteinen, forma av bølgjenes kraft gjennom tusenvis av år. På vegen passerer ein kystbyen Måløy, som er einaste by i Noreg med samme system på gatenamna som Manhattan (Gate 1, Gate 2, Gate 3 osv.). Refviksanden er kjent for si sandstrand som kan måle seg med karibiske strender.
Kannesteinen
Ein anna plass å besøke er Stad, som på uvêrsdagar får Nordsjøen rett i fleisen. Her ligg også Hoddevika, som har blitt verdskjent for si unike strand for surfarar.
Vil ein ha ei skikkeleg utflukt, kan ein ta turen til Geiranger, vel tre timars køyretur med bil og ferje til indrefileten av Vestlandet.
Reiser ein nordover, kjem ein til Ålesund, Søre Sunnmøres største by. Ålesund er spesielt kjent for sin jugendarkitektur og rike sjøfartshistorie.
Galten
Avstandar frå Steinsvika
Galten 25 minutt (+ein fottur)
Nordfjordeid 50 minutt (ingen ferjer)
Sæbø 1 time 15 minutt (1 ferje)
Loen Skylift 1 time 30 minutt (ingen ferjer)
Kannesteinen 1 time 50 minutt (ingen ferjer)
Ålesund sentrum 2 timar 30 minutt (2 ferjer)
Geiranger 3 timar (1 ferje)
Spør gjerne vertskapet om tips og råd om kvar og korleis ein kan kome seg fram på Sunnmøre