NESET er ei hytte som er perfekt for ferie med familien eller fisketur med vennegjengen.
Her er god plass til å slappe av i ferien, om det så er innandørs i den velutstyrte hytta, utandørs på terrassen, eller i utestova med peis og varmelampar.
Frå den vedfyrte badestampen kan ein nyte utsikta mot fjord og fjell, uansett temperatur og årstid.
NESET er fullt utstyrt med blant anna:
TV med norske kanalar
Chromecast
Bluetooth-høgtalar
70 Mbit/s Wi-Fi
Komfyr
Mikrobølgeovn
Kaffetraktar
Brødristar
Vasskokar
Oppvaskmaskin
Kjøleskap m/frysar
Djupfrysar
Kolgrill
Badstove
Boblebad
Badestamp (vedfyrt)
Neset
Neset har plass til maksimalt åtte personar i fire soverom: to i første etasje og to i andre etasje. Totalt er det to rom med dobbeltsenger, eitt rom med 2 enkeltsenger og eitt stort soverom med 4 single senger. Ein kan flytte nokre av sengene om ein vil.
Byggeår: 1996. Areal: 160 kvm.
Nedanfor hytta ligg Steinsvik Fjordhytter si private hamn med flytebrygge og eit lite hus til sløying av dagens fangst. Marinaen er til felles bruk for dei to hyttene våre.
Neset
Prisar 2023-2025
Prisar 2023-2025:
Høgsesong (juni-august): kr 8500,- per veke.
Lågsesong (september-mai): kr 7500,- per veke.
Ved vekesleige kjem straum i tillegg (kr 2,-/kWh).
Døgnleige: kr 1500,- inkl. straum.
Obligatorisk sluttreingjering: kr 1200,-
Tilleggstenester:
Båt 17 fot: kr 3000,- per veke / 1000,- per dag.
Fyringsved: kr 100,- for 80 liter.
Sengetrekk+handkle: kr 150,- per person.
Prisar 2026-
Prisar 2026-:
Høgsesong (juni-august): kr 9000,- per veke.
Lågsesong (september-mai): kr 8000,- per veke.
Ved vekesleige kjem straum i tillegg (kr 2,-/kWh).
Døgnleige: kr 1500,- inkl. straum.
Obligatorisk sluttreingjering: kr 1200,-
Tilleggstenester:
Båt 17 fot: kr 3500,- per veke / 1000,- per dag.
Fyringsved: kr 100,- for 80 liter.
Sengetrekk+handkle: kr 150,- per person.
Hytta vert berre leigd ut på vekesbasis i høgsesongen, med ankomst og avreise laurdag. Utanom høgsesong kan ein også leige på døgnbasis.
Bedriftskundar er velkomne. Alle prisar er inkl. mva. Vi kan fakturere med EHF. Ta kontakt for tilbod.
Steinsvik Fjordhytter har fem 17 fots båtar med 40 hk påhengsmotor og ekkolodd som kan leigast per veke eller per dag, med atterhald om at det er ledige båtar. På grunn av fare for sjø-is, er båtane på land frå november til april.
Dei fleste gjestane tek med sengetrekk (laken, dynetrekk, putetrekk og handkle) sjølv, men dette kan leigast av oss.
Innsjekk er kl 15 og utsjekk er kl 11, men vi kan vere fleksible på dette etter avtale på førehand
BOOKINGKALENDER
Du kan booke hytta Neset direkte i kalenderen under. Markér ønska datoar og bla deretter nedover sida for å fylle ut kontaktinformasjon under kalenderen. Vi sender deg ei oppsummering med totalpris for opphaldet.